home    about    browse    search    latest    help 
Login | Create Account

Blautgjødsel og meitemark i eng i Randaberg

Harestad, Ane and Pommeresche, Reidun (2019) Blautgjødsel og meitemark i eng i Randaberg. [The effect of cattle slurry application on earthworm numbers in a ley in western Norway.] NORSØK Rapport, no. 13. Norsk senter for økologisk landbruk, Tingvoll.

[thumbnail of Blautgjødsel og meitemark NLR NORSØK rapport 2019.pdf] PDF - Published Version - Norwegian/Norsk
1MB


Summary

Effektar på tal meitemark ved bruk av store mengder vassblanda blautgjødsel (7+4 t/daa) og mindre mengder ublanda blautgjødsel (3+2 tonn/daa) vart undersøkt i ei grasrik eng i 2019. Det var fleire daude meitemark på overflata like etter vårgjødslinga med 7 tonn/daa vassblanda samanlikna med 3 tonn/daa ublanda blautgjødsel. Det var ikkje same negative effekt etter gjødslinga i etterkant av førsteslått, då 4 tonn vassblanda og 2 tonn ublanda blautgjødsel vart brukt. Om hausten same år var det ikkje forskjell mellom dei to behandlingane, då tal levande meitemark i jorda vart talt (0-20 cm). Det var generelt mange levande meitemark, i gjennomsnitt 925/m2 og 6 artar, i den undersøkte engjorda i Rogaland.
Jorda har i fleire år fått tilført 4-5 tonn/daa og år med ei blanding av storfe- og grisegjødsel og er driven økologisk med fokus på lite jordpakking. Det vart tilført like mykje organisk materiale frå blautgjødsla i dei to ledda vi samanlikna, men ulik vassmengde. Enga var sju år, men har gitt gode grasavlingar i fleire år. Det virkar å være godt med mat for meitemark og planter i denne jorda og den negative effekten om våren var ikkje synleg om hausten etter berre ein sesong med utprøving.
Vi vil anbefale å vassblande blautgjødsel før spreiing, sjølv om det gav reduksjon i tal meitemark etter vårgjødsling i vårt forsøk, på grunn av betre gjødseleffekt og mindre tap av nitrogen. Fleire utprøvingar trengst for å optimalisera mengda av vassblanda gjødsel som bør tilførast kvar gong.


Summary translation

The effects of different slurry applications on the number of earthworms were studied. Diluted slurry in larger amounts (70+40 t/ha) was compared with undiluted slurry in smaller amounts (30+20 t/ha) on a grass-dominated ley in 2019. More dead earthworms were found on the soil surface within hours after spring application of 70 t/ha diluted slurry than after application of 30 t/ha undiluted slurry. The same negative effect was not seen after manure application following the first cut, at rates of 40 t/ha diluted and 20 t/ha undiluted slurry. In autumn, the higher death of earthworms with diluted slurry, was no longer significant after having recorded the number of living earthworms in the same soil (0-20 cm depth) and treatments. A total of 6 species and generally large numbers of earthworms (mean 925/m2) were found.
For several years, the soil had received 40-50 t/ha of cattle-and pig slurry pr year. The farm is managed organically, with a focus on reducing soil compaction. The slurry in the two treatments contained the same amount of organic matter, but different amounts of water. In spite of being 7 years old the ley has given high grass yields. There seems to be enough nutrition for both worms and plants in the soil, and the higher death of earthworm seen in spring was no longer detectable in the autumn after only one trial season.
Although diluted slurry resulted in lower numbers of worms after the manure application in spring, we still recommend diluting the slurry, as this gives a better fertilization effect and less nitrogen loss. Further study is needed to optimize the amounts of diluted slurry to be applied throughout the season.

EPrint Type:Report
Keywords:Husdyrgjødsel, blautgjødsel, meitemark, Jordlappen Slurry, animal manure, earthworms
Agrovoc keywords:
Language
Value
URI
UNSPECIFIED
POMMERESCHE
UNSPECIFIED
Subjects: Animal husbandry > Production systems > Dairy cattle
Soil > Soil quality
Soil > Soil quality > Soil biology
Soil > Nutrient turnover
Research affiliation: Norway > NLR - Norwegian Agricultural Extension Service
Norway > NORSØK - Norwegian Centre for Organic Agriculture
ISBN:978-82-8202-095-4
Deposited By: Pommeresche, Reidun
ID Code:36874
Deposited On:02 Dec 2019 07:21
Last Modified:02 Dec 2019 07:21
Document Language:Norwegian/Norsk
Status:Published
Refereed:Not peer-reviewed

Repository Staff Only: item control page

Downloads

Downloads per month over past year

View more statistics