home    about    browse    search    latest    help 
Login | Create Account

Heimekompostering I. Hovudrapport

Haga, Knut (1992) Heimekompostering I. Hovudrapport. NORSØK Rapport. NORSØK, Tingvoll.

[thumbnail of 1992 Heimkomostering I Hovudrapport.pdf] PDF - Published Version - Norwegian/Norsk
2MB


Summary in the original language of the document

Rapporten er hovudrapport for prosjektet "HEIMEKOMPOSTERING I. Utprøving av 5 ulike kompostbingar i tida november 1990 - august 1991". Forsøket vart utført av Ressurssenteret i miljølære, Tingvoll vidaregåande skole, og Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK), og var stasjonert ved Tingvoll gard. I tillegg til Ressurssenteret og NORSØK, var Det Norske Hageselskap og Tingvoll kommune med i prosjektgruppa. Utover eigeninnsats frå Ressurssenteret og NORSØK har Tingvoll kommune, SFT og Landbruksdepartementet ytt til saman kr. 202.000,- til prosjektet. Meir utfyllande datamateriale frå forsøket er samla i ein eigen datarapport, ISBN-82-7687-015-5.
Rapporten inneheld presentasjon av forsøket og vurdering av data kring fylling, masseendring, temperaturutvikling, kjemiske analyseparameter og tekniske forhold ved bingane ROLATE (1), STOEKLER (2/3), AL-KO-KOBER (4/5), KOMPOSTKUBEN (6/7) og KOMP-ISO 501 (8/9). Bingane var ilagde matavfall (tilsvarande frå 1 familie), strø og hageavfall omlag ein gong i veka. Binge 1 vart dosert tilsvarande 6 familiar, og bingane 4/5 tilsvarande 1,5 familie.
Det var svært store skilnader i relevante parameter mellom dei ulike bingetypane. For kompostering av matavfall fungerte dei best isolerte bingane (1 og 8/9) svært godt også vinterstid. Dei lukka, men lite isolerte bingane (2/3 og 6/7) fungerte svært dårleg når utetemperaturen var låg, men tok seg noko opp i den varme årstida. Dei opne bingane (4/5) var ikkje brukbare til matavfall, og fungerte utilfredstillande storparten av forsøksperioden. I dei opne bingane vart mykje av matavfallet fjerna av småfugl, kattar og gardshunden like etter ilegginga.
Den ferdige komposten frå alle bingane var svært rik på plantenæring. Parametrane som indikerer modning synte svakare modning i bingane som ikkje fekk tilført ekstra strø ved vending for ledda 2/3, 4/5 og 6/7. For ledd 8/9 var også bingen utan ekstra strø godt modna ved forsøksslutt. Det var lite fluge- og luktproblem ved bingane, men ein periode med for lite strø saman med lang lagring av avfallet før fylling medførte noko sur lukt om ein rota nedi i massen utpå våren 1991 (mest utarta i bingane 2/3 og 6/7). Dette vart betra ved å blande inn meir strø ved vending. Vi såg aldri smågnagarar eller spor etter desse ved nokon av bingane.
Forsøket synte at både animalsk og vegetabilsk matavfall kan komposterast heile året om ein nyttar nok strø og rett utstyr. Strøet bør vere tørt og bør blandast saman med mat- og hageavfallet for å sikre gode oksygenforhold og nok karbon til å binde frigjort ammoniakk. Kompostbingen må vere skikkeleg isolert og og konstruert slik at ein unngår kuldebruer også når bingen har vore i bruk ei tid. Det er dessutan viktig at han er rett dimensjonert i høve avfallsmengda vinterstid. Til hageavfall som lauv og plengras kan ein nytte mindre isolert og eventuelt ope utstyr. Ein må vere merksam på faren for å spreie plantepatogen og ugrasfrø ved kompostering av visse typar hageavfall utan at heile kompostmassen blir varmesanert.


EPrint Type:Report
Keywords:Kompostering, heimekompostering, matavfall, plantenæring, kompost
Agrovoc keywords:
Language
Value
URI
English
manures (fertilizers) -> organic fertilizers
http://aims.fao.org/aos/agrovoc/c_4592
English
composted manure
http://aims.fao.org/aos/agrovoc/c_8f17e9f1
English
food wastes
http://aims.fao.org/aos/agrovoc/c_3031
Subjects: Food systems > Recycling, balancing and resource management
Values, standards and certification > Consumer issues
Farming Systems > Farm nutrient management
Research affiliation: Norway > NORSØK - Norwegian Centre for Organic Agriculture
Norway > Other organizations Norway
ISBN:82-7687-014-7
Deposited By: Johnsen, S
ID Code:44020
Deposited On:28 Apr 2022 06:24
Last Modified:28 Apr 2022 06:24
Document Language:Norwegian/Norsk
Status:Published
Refereed:Not peer-reviewed

Repository Staff Only: item control page

Downloads

Downloads per month over past year

View more statistics