home    about    browse    search    latest    help 
Login | Create Account

Temperatursensor i øyremerke hos sau. Eit forprosjekt for å studere ny teknologi for varsling av sjukdom hos dyr på beite

Sørheim, Kristin; Lande, Unni Støbet and Bratsbergengen, Kjell (2020) Temperatursensor i øyremerke hos sau. Eit forprosjekt for å studere ny teknologi for varsling av sjukdom hos dyr på beite. NORSØK Rapport, no. 16 Vol 5. Norwegian institute for organic agriculture, Tingvoll.

[img] PDF - Published Version - Norwegian/Norsk
2MB

Online at: https://www.norsok.no

Summary

Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal har finansiert eit kvalifiseringsstøtteprosjekt for å undersøke om ein temperatursensor i øyremerke til sau kan ha potensiale som varslingssystem for sjukdom. Det er arbeidskrevjande og vanskeleg å oppdage sjukdom hos dyr på beite. Teknisk innovasjon vil vere ein viktig nøkkel for å nå dette målet. Tidleg påvising av sjukdom eller andre hendingar med eksakt kunnskap om tid og stad kan legge til rette for førebyggjande tiltak, både for sau og andre husdyr. Prosjektet er gjennomført i samarbeid med teknologibedrifta Nofence AS, NIBIO og prof. emeritus. Kjell Bratbergsengen (NTNU).
Vi har registrert temperatur målt i øyret med ein termistorsensor, utetemperatur er målt og dyret sin kjernetemperatur er målt med ein tempertursensor sett under huda på to sauer våren 2019, og manuelle målingar i endetarmen på tre dyr hausten 2020. Vidare har vi brukt data frå andre prosjekt der prosjektgruppa har arbeidd med å måle kroppstemperatur på vaksne sauer og på lam, med sensorar operert under huda, i bukhola eller lagt i vomma.
På bakgrunn av eigne resultat og litteraturgjennomgang har vi vurdert at varsling om feber bør setjast til 40,5 ⁰C viss temperaturen held seg så høg i minst 6 timar for lam og 40 ⁰C for vaksen sau. Ein temperatursensor plassert i eit øyremerke kan gjere det mogleg for bonden sjølv å sette inn denne, og den kan produserast til ein akseptabel pris. Teknisk sett er moglegheitene for ein saumlaus integrasjon til stades mellom HerdDogg temperatursensor og t.d. Nofence. Vi meiner det ideelle er eit hierarkisk system der sensorane sender beskjed til ein lokal «hub» på kvart dyr, og at denne huben kommuniserer med eit sentralsystem, som Nofence eller andre kan utvikle.
Det er ikkje god nok samanheng mellom temperaturen som blir målt i øyresensoren og kroppstemperaturen til å varsle små endringar i kroppstemperatur. Vi har gjennomført utprøvinga innandørs under lite ekstreme temperatursvingingar, og resultata syner ein indikasjon på at vi kan oppdage temperaturendringar på ca. 1 ⁰C. Vi ser at det er stor skilnad på forhold mellom kroppstemperatur og den målte øyretemperaturen hos dei ulike dyra, og vi har ikkje fått testa øyresensoren på sjuke dyr eller under meir ekstreme utandørs temperatur- og vêrforhold. Vi kan difor ikkje konkludere med at øyresensoren kan varsle om temperaturendring på t.d. 1 ⁰C under beiteforhold, noko vi meiner er nødvendig for å oppdage sjukdom.
Vi meiner likevel forprosjektet har gjeve ein del lovande resultat og eit godt grunnlag for vidare arbeid med etablering av eit sanntids overvakingssystem for sjukdom av sau på beite, basert på øyretemperaturmålingar.
Vår anbefaling er at det bør utviklast individuelle normalprofil for dyra. Ideen er at det skal vere avvik frå det normale - observert over tid som skal gje varsel om sjukdom eller behov for tilsyn. Da vert kalibrering av utstyret mindre viktig. Ein treng heller ikkje måle kjernetemperatur, men ein temperatur som svingar i takt med kjernetemperaturen, men utan at den vert for mykje påverka av endra ytre tilhøve som regn, sol, vind mm. Det er heilt nødvendig at det blir utvikla ein temperaturprofil over døgnet som gjeld for kvart einskild dyr. Profilet skal gjelde for eit dyr som ikkje er sjukt eller stressa, og blir difor kalla «normalprofil»:
Vi tilrår å gå vidare med å utvikle ein øyretemperatursensor som kan måle temperaturen inne i øyregangen eller ein sensor som kan plasserast under huda eller ein øyremerkesensor som kan beskyttast betre mot store endringar i utetemperatur og mot luft og fukt.
Funna frå prosjektet kan takast vidare i eit kommersialiserings- og innovasjonsarbeid for bedrifter som ønskjer det. Det er framleis eit forskingsbehov knytt til forbetring av øyretemperatursensoren, mellom anna for å undersøke endringar i øyretemperatur ved høg feber eller svært låg kroppstemperatur. Dette må skje som eit kontrollert dyreforsøk der dyra blir påført stoff som gjev feber, og det må vere eit så stort dyretal at ein kan få verifisert målingane og systemet statistisk.

Summary translation

This pilot study was performed to explore the potential for continuous temperature measuring in living animals by ear tag temperature sensors, and to see if the sensors can communicate in real time with the GPS based fencing system Nofence. In this study this was limited to test ear sensors in sheep. The project was funded by Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal.
Partners are Nofence AS, NIBIO and. Prof. emeritus Kjell Bratsbergsengen (NTNU).
We have tested the HerdDogg eartags with their thermistor sensors and we found that the measured ear temperature is very dependent on the ambient temperature, and that there are individual differences between the animals in the correlation between ear temperature and core temperature, in our study measured by a subcutaneous StarOddi sensor and manually rectal temperature measurements. From our preliminary data we are not sure if we will be able to detect changes of 0,5-1⁰C, which we need to discover diseases. We propose to develop individually normal temperature profiles and report deviation from this normal profile, because this will be more reliable to know if the animal is sick, and it will also be easier to send signals and alarm. We also recommend further research and work to look at sensors that can be placed in the ear canal or subcutaneous, or the thermistor used in our experiment could be more protected against external air, humidity and temperature.

EPrint Type:Report
Keywords:Sheep, temperature sensor, animal welfare, precicion livestock farming Sau, husdyrvelferd, temperatursensor
Agrovoc keywords:
LanguageValueURI
Englishsheephttp://aims.fao.org/aos/agrovoc/c_7030
Englishdisease preventionhttp://aims.fao.org/aos/agrovoc/c_10394
Subjects: Animal husbandry > Production systems > Sheep and goats
Animal husbandry > Health and welfare
Research affiliation: Norway
Norway > NORSØK - Norwegian Centre for Organic Agriculture
ISBN:978-82-8202-116-0
Deposited By: Sørheim, Kristin Marie
ID Code:39371
Deposited On:23 Feb 2021 08:30
Last Modified:23 Feb 2021 08:30
Document Language:Norwegian/Norsk
Status:Published
Refereed:Not peer-reviewed

Repository Staff Only: item control page

Downloads

Downloads per month over past year

View more statistics