home    about    browse    search    latest    help 
Login | Create Account

Bærekraftig verdiskaping i verdsarvområde

Sørheim, Kristin; Barstad, Johan; Bergslid, Ildri (Rose) Kristine; Fet, Annik Magerholm; Flø, Bjørn Egil; Lande, Unni Støbet; Solemdal, Liv; Steinshamn, Håvard and Velle, Liv Guri (2019) Bærekraftig verdiskaping i verdsarvområde. NORSØK Rapport, no. Vol 4 Nr 8. Norwegian centre of organic agriculture, Tingvoll, Norway.

[img] PDF - Norwegian/Norsk
1MB

Summary

Lokal verdiskaping basert på utmarka i verdsarvområda Vestlandsk fjordlandskap kan ikkje sjåast isolert, men er tett knytt til heile samfunnsutviklinga på desse stadene. Det tradisjonelle landbruket i desse områda har skapt verdfulle naturgode som biologisk mangfald, opne turområde med høg rekreasjonsverdi, turstiar og anna. Fleire av desse naturgoda er viktige for reiselivsnæringa. Kulturlandskapet er også viktig for verdsarvstatusen i seg sjølv, ettersom dette er ein viktig del av kjerneverdiane til området (OUV).
Utviklinga i landbruket gjer at tungdrivne areal også i verdsarvområda går ut av bruk. Opphøyr eller låg bruksintensitet går spesielt ut over utmarksressursane og dei seminaturlege naturtypane. Utmarka i Geirangerfjordområdet er særleg trua, da tradisjonell bruk med beiting, slått og hausting no i stor grad har teke slutt, og naturtypane gror att med buskar og kratt. Gjengroing fører til tap av variasjon, artar og økologiske funksjonar. Intensivering av landbruket vil også forringe naturverdiane og landskapskvalitetane.
For at landbruket ikkje berre skal vere eit «kulisselandbruk», men vere del av eit berekraftig driftssystem, må tilgjengelege arealressursar på innmark og utmark nyttast til matproduksjon og andre livsviktige økosystemtenester. Gjeldande landbrukspolitikk, med mål om stordrift og effektivisering av matproduksjonen, er ei sterkare drivkraft enn dei tiltaka som er sett inn for å bremse og motverke at tungdrivne areal går ut av bruk i verdsarvområda.
Den lokale turist- og reiselivsnæringa kan også hamne i noko av same marginaliserte situasjonen som landbruksnæringa fordi dei ikkje lenger er dei mest sentrale aktørane. Eksterne aktørar representert ved cruiseindustri, turbussar og storskala reisearrangørar er ofte i enda større grad premissleverandørar.
Det trengs ei heilskapleg tilnærming for å løyse utfordringane. Ein prosess som forskyv maktbalansen frå eksterne aktørar innan masseturisme og i retning lokalt næringsliv og verdiskaping og som inkluderer innbyggjarane, krev nytenking, utvikling av nye forretningsmodellar og evne til gjennomføring gjennom demokratiske planprosessar.
Av ulike konkrete verkemiddel som kan prøvast ut, men da helst som element i ein større endringsprosess, vil vi peike på særskilde landbrukspolitiske verkemiddel i retning sveitsisk modell, turistskatt, anna betaling for fellesgode og bygdeutviklingsprosjekt som kan gi auka tilflytting og ny næringsaktivitet. Dialog og partnarskapsbygging kan fremme ansvarleg medverknad.
Forskingsbehova for verdsarvområda og tilsvarande område med store og unytta ressursar i utmarka er mange, og arbeidsgruppa si vurdering er summert og konkretisert i denne rapporten.

Summary translation

Local value creation based on the outlying areas in the world heritage areas in the Norwegian western fjord landscapes cannot be isolated, because it is closely linked to the entire development of society in these areas. The traditional agriculture in these areas has created valuable natural goods such as biodiversity, open hiking areas with high recreational values and other ecosystem services. Many of these products are important for the tourism and they are also important for the world heritage status itself. For agriculture not to be just a “backdrop agriculture”, but a part of a viable operating system, it is now important to develop a new model for agricultural policy instruments in such areas, as well as new sustainable business models for local value creation. Dialogue, democratic planning processes and partnership building can promote responsible participation. There are many research needs for world heritage sites and corresponding areas with large and untapped resources, and the project group’s assessment is concretized in this report.

EPrint Type:Report
Keywords:World heritage areas, sustainable agriculture and tourism, business models; ecosystem based management
Subjects: Farming Systems > Farm economics
Farming Systems
Farming Systems > Social aspects
Environmental aspects > Biodiversity and ecosystem services
Research affiliation: Norway > NORSØK - Norwegian Centre for Organic Agriculture
ISBN:978-82-8202-089-3
Deposited By: Sørheim, Kristin Marie
ID Code:36300
Deposited On:15 Jul 2019 10:45
Last Modified:07 Aug 2019 13:33
Document Language:Norwegian/Norsk
Status:Published
Refereed:Not peer-reviewed

Repository Staff Only: item control page