home    about    browse    search    latest    help 
Login | Create Account

Utprøving av NoFence elektronisk gjerde i forhold til dyrevelferd - Prototype 1

Henriksen, Britt I. F. and Berntsen, Oscar Hovde (2011) Utprøving av NoFence elektronisk gjerde i forhold til dyrevelferd - Prototype 1. Bioforsk Rapport Vol. 6, no. 95. Bioforsk Økologisk, Tingvoll.

[thumbnail of Sluttrapport_NoFence_prototype_1_-versjon_med_vedlegg.pdf]
Preview
PDF - English
1MB


Summary

Denne rapporten er frå dei første kontrollerte utprøvingane på dyr av NoFence elektroniske gjerdesystem, prototype1, utvikla av Oscar Hovde Berntsen. NoFence er eit elektronisk gjerdesystem som skal fungere som eit usynleg gjerde ved at dyra får ei korrigering ved kryssing av ei satt grense. Grensa blir satt ved bruk av GPS-signal. Når dyra nærmar seg den usynlege grensa vil dei få eit lydsignal som varsel, som aukar i styrke proporsjonalt med kalkulert avstand frå grensa, før dei til slutt vil få eit straumstøyt om dei ikkje snur. NoFence-prototype1 vart prøvd ut på seks villsauer, seks geiter og tre fjordårslam av rase Norsk kvit og krysning spæl/trøndersau, i løpet av beitesesongen 2010 og 2011. Utprøvinga viste at både sau og geit kan lære systemet med å snu på lyd utan å få straumstøyt. Det trengs derimot gode GPS-forhold ved opplæring av NoFence-systemet. Det var individuell forskjell hos både sau og geit i kor sterk reaksjonen var på straumstøyt, og det såg ut til at ulike individ opplevde ubehaget frå straumstøytet ulikt. Det var viktig for både sau og geit å følgje flokken, og om eitt dyr gikk ut trossa dei andre ubehaget ved straumstøyt og følgde etter. NoFence-prototype1 såg heller ikkje ut til å halde dyra inne om dei hadde stor motivasjon til å gå ut av beitet. Geita såg ut til å stresse meir ved bruk av NoFence, enn ved normalåtferd og ved tilvenning av systemet mot fysisk gjerde. Det er derimot usikkert om mykje handtering og vêrforhold kan ha virka inn. Det såg ikkje ut til at sauene stressa ved bruk av NoFence, men det trengs vidare utprøving i forhold til stress over lengre tid både hos sau og geit. NoFence-systemet må utviklast vidare da prototype1 ikkje var driftssikker nok. Til sist i rapporten er det sett opp planer for vidare utbetring og utvikling av klave, og vidare utprøving i forhold til dyras velferd.


EPrint Type:Report
Keywords:NoFence, sau, geit, virtual fence, gjerde
Subjects: Animal husbandry > Production systems > Sheep and goats
Animal husbandry > Health and welfare
Research affiliation: Norway > Bioforsk - Norwegian Institute for Agriculture and Environmental Research > Bioforsk Organic Food and Farming Division
Norway > Other organizations
ISBN:978-82-17-00822-4
Deposited By: Henriksen, Britt I. F.
ID Code:19463
Deposited On:24 Oct 2011 07:59
Last Modified:24 Oct 2011 07:59
Document Language:Norwegian/Norsk
Status:Published
Refereed:Peer-reviewed and accepted

Repository Staff Only: item control page

Downloads

Downloads per month over past year

View more statistics