Henriksen, Britt I. F. (2010) Vurdering av regel om diing i tre dagar. Mattilsynet, Norwegian Food Safety Authority, http://www.mattilsynet.no/mattilsynet/multimedia/archive/00059/Utredning_diing_i_tr_59010a.pdf.
Preview |
PDF
- English
263kB |
Document available online at: http://www.mattilsynet.no/mattilsynet/multimedia/archive/00059/Utredning_diing_i_tr_59010a.pdf
Summary
Bakgrunnen for denne vurderinga er spørsmålstillinga i Høringsnotat fra Mattilsynet datert 26.3.2010 – Forslag til nye regler om økologisk produksjon og merking av økologiske produkter: ”Bør kravet om at kalven skal kunne die fra mora minst tre dager etter fødselen videreføres, jf. §15 i forslaget til ny forskrift? Hvis ikke, bør det stilles andre krav til forhold rundt behandling av kalver og diing?”. Vurderinga er gjennomført på oppdrag frå Regelverksutvalget for økologisk produksjon, som ønska ei grundig vurdering av fordelar og ulemper knyta til §15 i samband med høringa.
Vurderinga er basert på litteratur om temaet og svar frå spørjeundersøking om diing som vart sendt vinteren 2009/2010 til alle økologiske mjølkeprodusentar. Spørjeundersøkinga var knyta til eit kunnskapsutviklingsprosjekt ved Bioforsk Økologisk og Ku-kalv-prosjektet leia av Veterinærinstituttet, finansiert av MATFONDAVTALEN.
Ved å la kalven få die morkua tilfredstiller ein dyra sin naturlege åtferd, noko som er ein viktig del av dyras velferd i eit økologisk driftsopplegg. Det kan sjå ut som om kalvar som har dia blir meir robuste kviger som tilpasser seg lettare i ei gruppe også etter fråvenning. Mange studiar viser at tilveksten til kalvar aukar ved diing samanlikna med bøttefôring, og særleg ved diing over lenger tid. Det er også sett at mjølka kalven dier er feitare og har høgare innhald av omsetteleg energi. Det er fleire positive helsegevinstar for kalven knyta til å gå saman med morkua, samtidig som ein skal vere forsiktig med diing dersom ein har ein smittsam sjukdom eller bakterieinfeksjon i besetninga. Diing vil også vere ein naturleg måte å tildele mjølk på, både i tal måltid og ved at dei får suge i seg mjølka over lengre tid. Diing vil kunne gi auka total mjølkeproduksjon, og vil kunne gi betre jurhelse.
Det er tydeleg at fråskiljing av kalven ved tre dagar eller seinare er stressande for både morku og kalven. I tillegg er det ei utfordring i mange fjøs å få plass til at ku og kalv skal gå saman dei første dagane, særleg om ein har båsfjøs og konsentrert kalving. Fri tilgang til mjølk til kalvar har vore forbunde med lågt opptak av grovfôr og kraftfôr, og dermed dårlegare utvikling av vomma. Det ser derimot ikkje ut til at diing gir dårlegare utvikling av vomma til kalven. Når kalven får råmjølk berre ved å die mora er det ein risiko for at kalven får i seg for lite råmjølk, og dermed blir lettare sjuke. Ved å gi kalven ein ekstra dose råmjølk i tillegg til diing i løpet av dei første timane, eller ha nøye oppfølging på anna måte, vil ein sikre at kalven får i seg nok råmjølk og kalvane vil kunne halde seg sunne og friske.
Det er ein del utfordringar ved å praktisere diing, men mange av utfordringane kan ein møte ved praktisk tilrettelegging. Den største utfordringa ser ut til å være stress ved fråskiljinga av ku og kalv. Det er derfor viktig at det blir sett på gode metodar for å redusere stressnivået til både ku og kalv, noko som mellom anna forskingsprosjektet ”Developing robust and economically viable models for cow-calf suckling in organic dairy systems, fulfilling high standards for animal health, welfare and ethics” (Ku-kalv-prosjektet), leia av Veterinærinstituttet, skal jobbe med.
Vurderinga konkluderer med at kravet om diing bør vidareførast. Ein bør derimot vurdere krav om ekstra tilførsel av råmjølk rett etter fødsel i tillegg til diing, for å sikre at kalven får tatt opp nok av dei viktige immunstoffa som særleg er i den første råmjølka. Når ein etter kvart får resultat frå Ku-kalv-prosjektet bør ein vurdere om det er forskingsresultat som tilseier at regelen om tre dagars diing bør takast opp til vurdering igjen, og om ein bør sette krav knyta til fråskiljinga mellom ku og kalv.
EPrint Type: | Report |
---|---|
Keywords: | diing, Regelverksutvalget, suckling, regelverk, animal welfare, calves, calf, cow, dairy production, melkeproduksjon |
Subjects: | Animal husbandry > Health and welfare Values, standards and certification > Regulation |
Research affiliation: | Norway > Bioforsk - Norwegian Institute for Agriculture and Environmental Research > Bioforsk Organic Food and Farming Division |
Deposited By: | Henriksen, Britt I. F. |
ID Code: | 19064 |
Deposited On: | 30 Jun 2011 09:41 |
Last Modified: | 30 Jun 2011 09:41 |
Document Language: | Norwegian/Norsk |
Status: | Published |
Refereed: | Not peer-reviewed |
Additional Publishing Information: | Avgitt som høringsuttalelse fra Bioforsk i 2010. Tema for høringen var: "Nye økologiforordninger og ny forskrift om økologisk produksjon og merking av økologiske produkter". |
Repository Staff Only: item control page