home    about    browse    search    latest    help 
Login | Create Account

Borkekstrakt som middel mot koksidiose hos lam?

Sørheim, Kristin; Johanssen, Juni Rosann E.; Blomstrand, Berit Marie and Enemark, Heidi L. (2020) Borkekstrakt som middel mot koksidiose hos lam? [Can extract from bark reduce coccidiosis in suckling lambs?] NORSØK Rapport, no. 8, Vol 5. Norwegian Centre for Organic Agriculture (NORSØK), Tingvoll.

[thumbnail of NORSØK Rapport _koksidier_25062020_endelig_korr.pdf] PDF - English
2MB

Document available online at: https:/www.norsok.no/


Summary

Rapporten bygger på resultat frå fleire finansieringkjelder, først og fremst Regionalt forskingsfond Midt-Norge, EU-prosjektet Organic-PLUS og industripartnarar. Koksidiar er eincella parasittar som
kan gje alvorleg sjukdom i tarmen hos pattedyr og fugl. Koksidiose hos lam er eit stort problem i
sauehaldet. Bruk av koksidiostatika (middel som hemmar utviklinga av koksidiane) er svært
utbreidd og kan føre til utvikling av resistens, slik at det er av stor betydning å finne alternativ til
desse. Internasjonalt er det stor interesse for forsking på bruk av planteekstrakt som
fôrtilsettingsmiddel for å hindre parasittane i utviklinga. Vi har tidlegare vist at kondenserte
tanninar frå bork frå norsk sagbruksindustri kan ha effekt mot parasittar i laboratorieforsøk. I dette
pilotprosjektet har vi gjennomført ei første utprøving av borkekstrakt som fôrtilsetningsmiddel mot
koksidiose på levande lam. Bork er elles eit avfallsprodukt for industrien.
I forsøket hadde vi 24 lam fordelt på tre grupper à åtte lam. Ei gruppe vart smitta med koksidiar og
fekk inga behandling, ei anna gruppe vart smitta og fekk behandling med borkekstrakt frå same dag som dei vart smitta og i 14 dagar framover, og den tredje gruppa vart verken smitta eller behandla
(kontrollgruppe). Borkekstraktet var framstilt av fersk granbork frå Bøfjorden Sag AS og ekstrahert
med vatn og deretter avdampa og tørka hos SINTEF Industri. Av 235 kg fersk granbork fekk vi ca. 6
kg tørt borkekstrakt (92% tørrstoff), med eit innhald av ca. 300 g CT-tørrstoff. Utbyttet av tørt
ekstrakt var ca. 11-12% . Prøver frå tre av fem kanner med konsentrat viste alle 49 g CT/kg tørt
ekstrakt.
Alle lamma vart slakta tre veker etter smitte. Kontrollgruppa var friske gjennom heile forsøket og
hadde best tilvekst. Gruppa som vart smitta , men ikkje fekk behandling, begynte å få diaré og
redusert tilvekst frå om lag dag 15 etter behandling, men vart ikkje særleg sjuke i den korte tida vi
hadde dei i forsøk. Gruppa som vart smitta og fekk borkekstrakt, fekk litt diaré dei dagane dei fekk
ekstraktet, og dei mista matlysta og tilveksten i desse dagane. Så snart behandlinga var over, kom
dei seg fort og hadde normal avføring og auka tilvekst i resten av forsøksperioden. Volumet og
konsistensen på ekstraktet vi ga dei var tydeleg negativt for matlyst og tilvekst under behandlinga.
Når vi talte parasittar (oocyster) i avføringa frå lamma før smitte og dag 12,14,17 og 21 etter
smitte, fann vi langt færre parasittegg hos lamma som hadde fått borkekstrakt ved slutten av
forsøket (dag 22) . Hos lamma som ikkje vart behandla, fann vi oocyster frå ca. dag 14 etter smitte
og det auka mykje dei neste fem dagane. Hos lamma som fekk borkekstrakt, fann vi oocyster i eit
svært lite tal frå dag 17 etter smitte og fram til vi avslutta forsøket. Statistisk vurdering av resultata
ved regresjonsanalyser støttar hypotesa om at borkekstrakt reduserer utskiljinga av koksidiar hos
lam for den perioden vi har gjort observasjonar. Det var signifikant effekt av behandling på
utskiljinga av parasittar (P<0,0005) og det var ein klar samanheng mellom behandling og tidspunkt
for utskiljing av oocyster (P<0,0001).
Mengde ekstrakt som vi kunne gje til lamma utan at dei vart sjuke, viste seg å vere mindre enn vi
hadde trudd på førehand på bakgrunn av referansar frå andre forsøk, og måten vi måtte gje det på
(sonde) er ikkje foreinleg med praktisk sauehald.
Ut frå dette forsøket ser vi at det er innhaldsstoff i bork som har effekt mot koksidiar av Eimeria-arten hos lam, men det er behov for meir forsking, både grunnforsking og anvendt forsking, for å
forstå kva stoff dette er, om det er berre tanninar eller om det kanskje er heilt andre plantestoff
som også har effekt.
Det er nødvendig å finne ut korleis mekanismane som hemmar utviklinga til parasittane fungerer,
mellom anna på kva stadium parasitten blir påverka. For å undersøke dette er det behov for meir
langvarige forsøk enn det vi har hatt, slik at ein kan studere effekten både når det gjeld tilvekst,
klinisk tilstand og ikkje minst parasittutvikling over ein heil beiteperiode.
Vidare er det behov for eit utviklingsarbeid for å effektivisere ekstraksjonsprosessen og redusere
produksjonskostnaden. Dette gjeld heile kjeda frå innsamling av bork, tørking og oppmaling og til
slutt sjølve ekstraheringa, val av ekstraksjonsmiddel og konsentrasjonsprosessen.
For å komme i praktisk bruk, må ein utvikle ei form for fôrtilsetjing eller eit medikament som kan
gjevast til unge, diande dyr som eingongsbehandling, eller i det minste som kan ha effekt om det blir tilført nokre få gonger. Til eldre dyr kan det vere aktuelt å sjå om det kan tilsetjast i kraftfôr,
eller til mineralnæring eller saltslikkesteinar.


Summary translation

This work was carried out with funding from Regional research council Mid Norway and the Organic-PLUS project, as well as industry partners. Organic-PLUS has received funding for the animal experiment from the European Union’s Horizon 2020 research and innovation programme under grant agreement no. 774340-Organic-PLUS. Coccidiosis is a serious disease in young lambs in Norway and other countries. The disease leads to
decreased animal welfare and has huge economic impact on the farm industry. The common preventive measures in Norway are pasture rotation and anticoccidial chemicals. Reduced efficacy against toltrazuril has been demonstrated in sheep farming in Norway. Condensed tannins (CT) from different plants have showed effect against nematodes and coccidia in several trials. Bark is a rich source of CT, and bark from species cultured in Scandinavia has relatively high concentrations
of CT. The aim of this project was to investigate if supplementation of bark extract with CT reduces the
burden of coccidia and thereby improves the animal health, production efficiency and profitability
in the sheep production. In this project we infected 16 young lambs with oocysts from Eimeria spp. and tested the
effect of extract from fresh winter bark from Norwegian spruce (Picea abies) to 8 of these lambs. Performance and oocyst secretion were measured. A control group of 8 lambs was not infected and not given bark extract.
Individually faeces samples were collected before infection and daily at day 9-22 after infection and
analysed for faecal score and oocysts. In this trial the bark extract was found to have a significant
effect on the development of coccidia of Eimeria spp. in the lamps measured by counting oocysts per gram faeces (p<0,001).
Bark extract from Picea abies may be a potential useful anticoccidium in young lambs. We need more research to see if this effect is due to CT or other biological components in the bark and to see if the effect is permanent and how this influences the performance of the lambs in a longer perspective. If this should be transferred into practical use for the farmers, we need to find a simple and secure method for application and a practically, technically and economically viable
method for extract production.

EPrint Type:Report
Keywords:Coccidiosis, sheep, bark extract, condensed tannins, Eimeria, animal health, animal welfare, Organic-PLUS, Organic-PLUSX, Koksidiose, sau, bark, tanniner, parasitter, Eimeria, dyrehelse, dyrevelferd
Agrovoc keywords:
Language
Value
URI
English
coccidiosis
http://aims.fao.org/aos/agrovoc/c_1705
English
animal health
http://aims.fao.org/aos/agrovoc/c_431
English
bark extracts
http://aims.fao.org/aos/agrovoc/c_35304
Subjects: Animal husbandry
Animal husbandry > Production systems > Sheep and goats
Animal husbandry > Health and welfare
Research affiliation: European Union > Horizon 2020 > Organic-PLUS
Norway
Norway > NORSØK - Norwegian Centre for Organic Agriculture
Horizon Europe or H2020 Grant Agreement Number:774340
ISBN:978-82-8202-105-0
Deposited By: Sørheim, Kristin Marie
ID Code:38853
Deposited On:20 Jan 2021 07:16
Last Modified:18 Jun 2021 12:28
Document Language:Norwegian/Norsk
Status:Published
Refereed:Not peer-reviewed

Repository Staff Only: item control page

Downloads

Downloads per month over past year

View more statistics