home    about    browse    search    latest    help 
Login | Create Account

Velferdsplanlegging i økologisk mjølkeproduksjon

Henriksen, Britt I. F.; Mejdell, Cecilie and Hansen, Berit (2011) Velferdsplanlegging i økologisk mjølkeproduksjon. [Welfare planning in organic dairy production.] In: Brodin, Janne and Fog, Megumi Ohta (Eds.) Husdyrforsøksmøtet 2011, Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap, UMB, Norges Veterinærhøgskole og Veterinærinstituttet, Ås, pp. 266-269.

[img]
Preview
PDF - Published Version
59Kb

Summary

Eit treårig europeisk prosjekt ”Minimising medicine use in organic dairy herds through animal health and welfare planning” (ANIPLAN) har sett på om aktiv og vel planlagt forbetring av husdyras helse og velferd og sjukdomsførebygging kan vere effektivt for å minimere bruken av medisinar i økologiske mjølkekubesetningar. Prosjektet har vore eit samarbeid mellom elleve institusjonar i sju land og var finansiert av forskingsråda i dei respektive landa via ERA-nettet CORE Organic I.
Prosjektet hadde ulike tilnærmingsmåtar for å gjennomføre velferdsplanlegging på økologiske mjølkeproduksjonsbruk, med ulike kombinasjonar av rådgiving, ”fjøsskular” og velferdsvurdering. Prosjektet har utvikla eit sett felles
planleggingsprinsipp basert på evaluering av tidligare erfaringar og erfaringar i prosjektet. I artikkelen blir det sett nærmare på dei ulike prinsippa for velferdsplanlegging og foreløpige resultat blir presentert. Utprøvinga av prinsippa for helse og velferdsplanlegging på økologiske mjølkeproduksjonsbruk har vist at prinsippa kan fungere på tvers av landegrenser og produksjonsmåtar. Prinsippa vil også lett kunne tilpassast konvensjonell produksjon. I tillegg er prinsippa for velferdsplanlegging ein pedagogisk måte å jobbe på som kan være aktuell også i andre fagområde.


EPrint Type:Conference paper, poster, etc.
Type of presentation:Lecture
Keywords:ANIPLAN, velferdsplanlegging, økologisk mjølkeproduksjon
Subjects: Animal husbandry > Production systems > Dairy cattle
Animal husbandry > Health and welfare
Research affiliation: European Union > CORE Organic > ANIPLAN
Norway > Bioforsk - Norwegian Institute for Agriculture and Environmental Research > Bioforsk Arctic Agriculture and Land Use Division
Norway > Bioforsk - Norwegian Institute for Agriculture and Environmental Research > Bioforsk Organic Food and Farming Division
Norway > NVI - National Veterinary Institute
ISBN:978-82-7479-024-7
Deposited By: Henriksen, Britt I. F.
ID Code:19462
Deposited On:24 Oct 2011 08:06
Last Modified:24 Oct 2011 08:06
Document Language:Norwegian - Norsk
Status:Published
Refereed:Not peer-reviewed

Repository Staff Only: item control page